-
Aktivitetsoversikt generelt for Kviteseid
Lurer du på kva som er av tilbod i kommunen? Sjå her!
Felleslunsj for store og små
For dei som krabbar, og dei som er ute for å gå :)LHL turgruppa i Kviteseid kjem på lunsjbesøk til Frivilligsentralen på Næringshagen i blant. Men me vil gjerne ha fleire gjestar, og tenkjer spesielt på mødre og fedre som er heime med småbarn. Det å treffast på tvers av generasjonar er ein skatt i seg sjølv. Så velkomen skal de vere til dekka bord!
Send gjerne ei melding til Frivilligsentralen om du tenkjer å kome, og vipps 20kr for suppa viss du vil og kan. (LHL ordner med dette for seg).
Vil du også vere med å lage suppa, handle inn, vere vert og rydde opp, så sei ifrå :)
Datoar framover:
- tysdag 7. feb (suppe)
- tysdag 21. Mars (krydderkake og varm sjokolademjølk)
Kl. 12:15-13:15
Del på:
-
Besøksven
Mange eldre i kommunen er mykje aleine. Frivilligsentralen kan setje dykk i kontakt med diakoniutvalet som koordinerar besøksventeneste i kommunen.
-
Fredagsdisco
Ein festkveld for menneske med nedsett funksjonsevne
-
Gratis skibuss for barn og ungdom
Kvar laurdag går det gratis skibuss til Vrådal Panorama. Sjå tider her:
-
Håndarbeids treff
Kviteseid husflidslag har saman med biblioteket eit handarbeidstreff annankvar Onsdag i 2.etg på Kviteseid folkebibliotek.