-
Regine Heimdal inn som vikarierande dagleg leiar
Godt nyttår!
2021 avslutta veldig hyggeleg for Frivilligsentralen, med innvilga midlar frå fleire aktørar!På den siste dagen i 2021 fekk Kviteseid Frivilligsentral ein gledeleg mail om at me får 10 000kr i tilskotsmidlar frå Frivilligsentralane i Vestfolk og Telemark. Midlane skal gå til Øpen hall. Tidlegare har me fått innvilga 120 000kr frå Sparebankstiftelsen til ny leikeplass i Kviteseidbyen, 369 309kr til sykkelutstyr til utlånssentral frå Gjensidigestiftelsen, og også tre fine sjakkbenkar til kommunen. Så me er optimistiske og gledar oss til å ta fatt på eit nytt år med alt det vil innebere:
- Det me veit så langt, er at Øpen hall fortsett annakvar fredag for ungdomane (oddetalsveker).
- Fredagsdisco for menneske med nedsatt funksjonsevne er planlagt med oppstart i februar.
- Kviteseid kommune skal få sin eigen utlånssentral som vil vere hjå Kvito. Me ser fram til eit spennande samarbeid kring dette!
- Me skal utnytte syklane me får til utlånssentral, og planlegg å ha eit eige sykkelkart i Stolpejakten.
- Det blir faste tidspunkt for sjakk på den nye sjakkbenken i Kviteseidbyen når han kjem, og eg håpar me kan gjere litt meir ut av det med turneringar eller liknande.
- Frivilligsentralen får straks flytte inn i nye lokale i Næringshagen.
- Me skal dra i gang samlingar og arrangement i dei nye lokala, og håpar å sjå både unge og gamle der!
Del på:
-
Skøytedisco 2023
I år som i fjor vert det skøytedisco under Kviteseidmarken på fredag kveld
-
Ny familie kjem til Kviteseid (januar), og dei treng møblar!
Har du noko til overs av ting frå denne lista?
-
Midlar til ungdomane!
Ein fin jolegåve til alle ungdomar i kommunen (og omegn)!
-
Vil du låne noko vinterutstyr i jola?
Ta kontakt!