-
Regine Heimdal inn som vikarierande dagleg leiar
Midlar til utlånssentral
Frivilligsentralen har fått nesten 370 000,- frå Gjensidigestiftelsen, øyremerka til terrengsyklarNår snoen smeltar vekk og sykkelsesongen er i gong, kan det i 2022 bli deg som svevar høgt på ein proff el-terrengsykkel! For Frivilligsentralen har fått nesten 370 000 kr frå Gjensidigestiftelsen til å handle inn svært bra sykkelutstyr! Det er snakk om mest el-terrengsyklar, både til barn, ungdom og vaksne. Og dette kan alle som ynskjer få låne gratis hjå utlånssentralen som no med desse midlane skal starte opp. Som samarbeidspartnarar har me fått med gjengen på Kvito til å ha ansvar for vedlikehald av syklane, slik at de heile tida kan låne trygt og bra utstyr. Me håpar at så mange som mogleg vil nytte seg av tilbodet, enten om du er dreven syklist eller nybyrjar, ung eller gamal! Ein kan sjølvsagt sykle vanleg også viss ein ikkje er klar for luftige svev ;)
Fotograf: Ståle Lindheim
Del på:
-
Skøytedisco 2023
I år som i fjor vert det skøytedisco under Kviteseidmarken på fredag kveld
-
Ny familie kjem til Kviteseid (januar), og dei treng møblar!
Har du noko til overs av ting frå denne lista?
-
Midlar til ungdomane!
Ein fin jolegåve til alle ungdomar i kommunen (og omegn)!
-
Vil du låne noko vinterutstyr i jola?
Ta kontakt!