KOMP

I samarbeid med Vest-Telemarkrådet delar Kviteseid Frivilligsentral ut gratis KOMP til eldre i Kviteseid kommune

Kvifor sjå på fjernsyn, når ein kan sjå på bilete og video av familien i stort format? 

KOMP er ein svært enkel datamaskin for eldre og andre som har problem med å handtere moderne teknologi. Han ser litt ut som ein gamal TV, og har berre ein knapp (av/på-knapp). KOMP er eit norsk produkt som er laga for å tette kommunikasjonsgapet mellom dei som slit med moderne teknologi og deira meir digitalt erfarne vener og familiemedlem.

Med KOMP kan familiemedlem sende bilete og videoer til til dømes besteforeldre som ikkje har smarttelefon eller PC. Bileta vil rulle og gå som ei ljosbileteframsyning på kompen. Ein kan også ha videosamtale.

Me har fått fleire KOMP for å teste det ut, og no har de sjansen til å få dette gratis i Kviteseid Kommune. Ta kontakt med frivilligsentralen viss de har nokon i familien som vil ha glede av dette! -> https://kviteseid.frivilligsentral.no/dokument?kontakt-oss&Id=80137 

For meir informasjon om KOMP, sjå https://www.noisolation.com/no/komp/

Foto: No Isolation

2024 © Kviteseid Frivilligsentral