Flyt & Flow i Kviteseid

Bli med på ungdomsopplegget under Victoriafestivalen fredag 13. juni!

For: 7. klasse - 17 år

PROGRAM:

Del 1 kl. 19-21 @bryggeparken
🚤 Båt med tube (ring), SUP-brett, bading og kubb. 

Del 2 kl. 21-22 @kviteseidhallen
🚲 Sykling, skating osv på den nye pumptracken. Fotball på banen ute for dei som vil. 

TA MED: badetøy, hjelm og sykkel/skateboard/sparkesykkel/rulleskøyter, penger til mat, varmt tøy til kvelden, fotballsko osv viss ein vil. 

Frivilligsentralen låner med seg 2 SUP og diverse skateutstyr frå utlånssentralen, men fint viss ein del tek med eiget å rulle på også. 

Me er ein god gjeng vaksne + Kvitsundelevar som er klare for nok ein kveld med favorittungdomane våre 😊 

Me veit at det dessverre krasjar med litt opplegg for nokon, men dei som ikkje skal på noko må få ha eit tilbod under festivalen! Mindre kø vert det også 😉😉

Tusen takk til Ordføraren som stiller opp med båt og ring!😎

Ved spørsmål, ta kontakt med frivilligsentralen: tlf 966 244 12

2025 © Kviteseid Frivilligsentral