Godt nyttår!

2021 avslutta veldig hyggeleg for Frivilligsentralen, med innvilga midlar frå fleire aktørar!

På den siste dagen i 2021 fekk Kviteseid Frivilligsentral ein gledeleg mail om at me får 10 000kr i tilskotsmidlar frå Frivilligsentralane i Vestfolk og Telemark. Midlane skal gå til Øpen hall. Tidlegare har me fått innvilga 120 000kr frå Sparebankstiftelsen til ny leikeplass i Kviteseidbyen, 369 309kr til sykkelutstyr til utlånssentral frå Gjensidigestiftelsen, og også tre fine sjakkbenkar til kommunen. Så me er optimistiske og gledar oss til å ta fatt på eit nytt år med alt det vil innebere:

  • Det me veit så langt, er at Øpen hall fortsett annakvar fredag for ungdomane (oddetalsveker).

  • Fredagsdisco for menneske med nedsatt funksjonsevne er planlagt med oppstart i februar.

  • Kviteseid kommune skal få sin eigen utlånssentral som vil vere hjå Kvito. Me ser fram til eit spennande samarbeid kring dette!

  • Me skal utnytte syklane me får til utlånssentral, og planlegg å ha eit eige sykkelkart i Stolpejakten.

  • Det blir faste tidspunkt for sjakk på den nye sjakkbenken i Kviteseidbyen når han kjem, og eg håpar me kan gjere litt meir ut av det med turneringar eller liknande.

  • Frivilligsentralen får straks flytte inn i nye lokale i Næringshagen.

  • Me skal dra i gang samlingar og arrangement i dei nye lokala, og håpar å sjå både unge og gamle der!
2024 © Kviteseid Frivilligsentral