-
Øpen hall 06. mars avlyst til fordel for Neonparty
Ungdomane kan ta gratis buss frå Vrådal/Kviteseid osv. til Dalen ungdomsklubb!
Masse midlar til nye møteplassar
Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør har gitt 605 381 kr "Opne møteplassar", her under nytt bibliotek.Me er så heldige og utruleg glad for at Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør har innvilga søknaden vår om midlar til "Opne møteplassar". 605 381 kr har me fått! Tusen hjarteleg takk! Størsteparten av pengane skal gå til å handle inn diverse som vil bidra til at det nye biblioteket i Kviteseid sentrum vert ein ny og bra møteplass for alle! Dette er ting som sitjegrupper, belysning, kaffikrok, shuffleboard, og diverse apparat til å lage ein skaparverkstad.
Frivilligsentralen skal "bli med på lasset" når biblioteket flyttar ned til sentrum. Me skal ha kontorplass der, og vil då vere meir tilgjengeleg for folk. Me ser for oss at det nye biblioteket vil vere vel så mykje ein møteplass, som eit bibliotek. Me ynskjer å invitere liten og stor inn på ulike tilbod. Me håpar at ungdomane her vil finne seg ein triveleg plass innhomhus på ettermiddagene. Me håpar at småbarna og foreldrene kjem innom for litt leik og ein kaffikopp. Og at pensjonistane set seg ned for ein prat og sjekk av dagens avis. Og at lag og føreiningar får flotte og lett tilgjengelege møterom! I tillegg skal me handle inn diverse utstyr til å starte opp ein skaparverkstad. Me har tenkt utstyr som 3D-printer, vinylkutter, symaskin, broderingsmaskin mm. Har de innspel og ynskje må de gjerne ta kontakt med oss! Me håpar at dette vil bli eit mykje brukt tilbod og ein ny møtestad for alle!
Me er forventningsfulle, og gledar oss til kva våren og framtida har i vente for Kviteseid :)
Del på:
-
STILLINGSANNONSE!
Vikarstilling som 40% dagleg leiar frå 01.06.26
-
Innkalling til årsmøte 2026
Torsdag 12. mars på biblioteket
-
Fransk kurs stor suksess!
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?