Midlar til utlånssentral

Frivilligsentralen har fått nesten 370 000,- frå Gjensidigestiftelsen, øyremerka til terrengsyklar

Når snoen smeltar vekk og sykkelsesongen er i gong, kan det i 2022 bli deg som svevar høgt på ein proff el-terrengsykkel! For Frivilligsentralen har fått nesten 370 000 kr frå Gjensidigestiftelsen til å handle inn svært bra sykkelutstyr! Det er snakk om mest el-terrengsyklar, både til barn, ungdom og vaksne. Og dette kan alle som ynskjer få låne gratis hjå utlånssentralen som no med desse midlane skal starte opp. Som samarbeidspartnarar har me fått med gjengen på Kvito til å ha ansvar for vedlikehald av syklane, slik at de heile tida kan låne trygt og bra utstyr. Me håpar at så mange som mogleg vil nytte seg av tilbodet, enten om du er dreven syklist eller nybyrjar, ung eller gamal! Ein kan sjølvsagt sykle vanleg også viss ein ikkje er klar for luftige svev ;)

Fotograf: Ståle Lindheim

2024 © Kviteseid Frivilligsentral