-
Flyt & Flow i Kviteseid
Bli med på ungdomsopplegget under Victoriafestivalen fredag 13. juni!
Sosial Weekend på Villa Glede Granlien
Ei helg for nye relasjonarFrivilligsentralane i Vest-Telemark og Vest-Telemark Lions inviterar vaksne og eldre vestteler til ein triveleg helg i flotte omgivningar i Kviteseid. God mat og sosialt samvêr vil stå i fokus, og me håpar at dette vil bli ei helg der nye kjennskap og venskap vil bli stifta på tvers av kommunane.
Me har bestilt både lunsj og middagar frå Waldenstrøm kafé, og kjem til å vere både inne, ute og i den store lavvoen. Viss ein vil kan ein gå på tur eller fiske, eller slappe av i huset med strikketøy og ein kaffikopp. Villa Glede Granlien har mellom anna peisestove, spisesal, kjøkken og ti soverom. Ute er det stor hage med frisbeegolfbane, sitjegrupper, badstue, turstiar og tre geiter som tuslar rundt.
Program:
Laurdag
kl. 12 - Lunsjbuffé
kl. 13 - Aktivitetar i hagen: boccia, kubb, frisbeegolf
kl. 15 - Middag
kl. 16 - Fritid, med moglegheit for tur til Heivatn eller i nærområdet
kl. 19 - Grillsamling i lavvoen
kl. 20 - Sosialt i peisestoga med musikk og quiz
Sundag:
kl. 9-11 - Brunsj + ord for dagen med Eilev Erikstein
kl. 11 - Fritid, med moglegheit for tur eller ana på Granlien
kl. 14 - Middag og avreise
Overnattingsplass for 10-20 stykk (gratis), elles kan ein kome på dagsbesøk. Maks antal totalt er 40.
Tid og stad: 9.-10. mai på Villa Glede Granlien, Granlivegen 74
Pris: 500kr. for heile helga.
Påmelding innan 4. mai til Kviteseid frivilligsentral på tlf.: 96624412
Nokre fleire bilete frå Granlien:
Del på:
-
Galantkonsert
Kviteseid Frivilligsentral inviterar eldre og andre interesserte til "Galantkonsert" i Morgedal.
-
Loppemarknad i Kviteseidbyen
Måndag 9. juni blir det!
-
Masse midlar til nye møteplassar
Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør har gitt 605 381 kr "Opne møteplassar", her under nytt bibliotek.
-
Vår nye tilsette
Og nokre bilete frå Frivilligsentralane si jolesamling