KOMP

*Prosjektet er avslutta, men ein kan setje seg på venteliste*

Kvifor sjå på fjernsyn, når ein kan sjå på bilete og video av familien i stort format? 

I samarbeid med Vest-Telemarkrådet dela Kviteseid Frivilligsentral ut gratis KOMP til eldre i Kviteseid kommune. Prosjektet er no avslutta, og me har ikkje midlar til å handle inn fleire KOMPar, men ein kan ta kontakt og setje seg på venteliste viss nokon av KOMPane vert ledige i framtida. Alternativet er å handle det inn sjølv.

Om KOMP
KOMP er ein svært enkel "datamaskin" for eldre og andre som har problem med å handtere moderne teknologi. Han ser litt ut som ein gamal TV, og har berre ein knapp (av/på-knapp). KOMP er eit norsk produkt som er laga for å tette kommunikasjonsgapet mellom dei som slit med moderne teknologi og deira meir digitalt erfarne vener og familiemedlem.

Med KOMP kan familiemedlem sende bilete og videoer til til dømes besteforeldre som ikkje har smarttelefon eller PC. Bileta vil rulle og gå som ei ljosbileteframsyning på kompen. Ein kan også ha videosamtale.

For meir informasjon om KOMP, sjå https://www.noisolation.com/no/komp/

Foto: No Isolation

2024 © Kviteseid Frivilligsentral