Stolpejakten

I Kviteseid Kommune kan ein gå på stolpejakt! Last ned appen for å kome deg ut på tur i den vakre kommunen vår.

Aldersgruppe: For alle

Dette er stolpejakten:

Stolpejakten er ein type lett orientering der målet er å finne trestolpar som er plassert rundt omkring, i hovudsak langs vegar. Ein får både vore i fysisk aktivitet og bli kjend med nærmiljøet på same tid. Det er ein gratis og spennande aktivitet for alle aldrar og nivå, og det finst mange stadar i landet.
Her kan du sjå ein video av stolpejakt: https://www.youtube.com/watch?v=TuVV20_xBMs

Me ynskjer fleire frivillige til å arrangere stolpejakten i Kviteseid.
Aktuelle oppgåver er 

  • Bestemme stolpeplasseringar
  • Finne historisk informasjon for plassane der me set opp stolpane
  • Setje ut/samle inn stolpar
  • Drive PR på sosiale medier

Les vidare for å kome deg ut på tur med stolpejakten:

For å kome i gong må du laste ned appen “Stolpejakten” på mobilen. Det er ekstra moro å registrere kvar stolpe ein finn. Då kan ein også vere med i trekninga av fine premiar. Ein kan enten registrere stolpane ved å skanne QR-koden når ein brukar stolpejakt-appen, eller så kan ein notere ned bokstavkoden som kvar stolpe har. Dette må seinare registrerast på nettsiden www.stolpejakten.no.

Kvart år får dei fleste stolpane nye plasseringar. Mange av stolpane har historisk informasjon om plassen som kjem opp når ein skannar stolpen. Dei ulike fargane på kvar stolpe fortel kva for vanskegrad stolpen har. Frå lettest å finne til vanskeligst:
grøn - blå - raud - sort.
Alle grøne stolpar skal kunne skannast frå ein i rullestol.
Ein skal sjølvsagt gå eller sykle mellom stolpane, ikkje køyre bil.

Me håpar de får mange fine turar og opplevingar i kommunen vår!

2024 © Kviteseid Frivilligsentral