Øpen hall

Kviteseid Frivilligsentral med fleire inviterar ungdom til Øpen Hall i Kviteseidhallen! Og er du vaksen/eldre ungdom med hjarte for ungdomar, er dette ein fin arena å bidra som friviljug!

Aldersgruppe: 13 til 17 år

Øpen hall - eit aktivitetstilbod til ungdomsskule- og VGS-elevar.

Når: fredag kl 19-22 i oddetalsveker. 

Hovudmål: Gje unge i Kviteseid eit større tilbod på fritida. Skape ein trygg og sosial hengeplass der dei unge kan vere i aktivitet, drive med det dei likar, lære noko nytt eller skape musikk saman.

Øpen hall er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Kviteseid IL, Morgedal IL, E-sportgruppa, Skytterlaget, Kulturskulen og andre friviljuge. Me treng fleire friviljuge til å ha ansvar for området foajeen og kjøkkenet. Her vil det vere hengeplass og matutsal.

I sjølve hallen vil det vere både frileik og meir organisert aktivitet, ettersom kva ungdomane ynskjer, og kva som er av kompetanse hjå dei vaksne. E-sportrommet og skytebanen vil vere opent, og ein kan drive med musikk i kulturskulen sine lokale. I foajeen vil det vere Storstøge med brettspel, TV og mat. 




2024 © Kviteseid Frivilligsentral