Besøksven

Mange eldre i kommunen er mykje aleine. Frivilligsentralen kan setje dykk i kontakt med diakoniutvalet som koordinerar besøksventeneste i kommunen.

Ein besøksven vil kome på besøk for den gode samtala. Frivilligsentralen samarbeider med diakoniutvalet med besøksventeneste i kommunen. Diakoniutvalet har koordinert denne tenesta i fleire år. Både eldre og yngre som kjenner seg einsam kan få besøk. Ta kontakt med dei på tlf: 41 26 43 64

Har ein trong for praktisk hjelp, slik som å handle, bere inn ved, måke sno, strø på glatta, vaske vindauge, følgje til optiker eller IT/datahjelp, så kan også Frivilligsentralen hjelpe med å setje dykk i kontakt med nokon som kan bistå. Lokalhjelpern UB er ein ungdomsbedrift på Kvitsund som tilbyr slik hjelp. Ta kontakt med dei på tlf: 91 65 04 47

2024 © Kviteseid Frivilligsentral