Fredagsdisco

Ein festkveld for menneske med nedsett funksjonsevne

Frivilligsentralen inviterar menneske med funksjonshemming frå Vest-telemark og omegn til sang, dans og masse moro på Sundvang kulturhus i Kviteseid. Me vil ha månedleg arrangement heile året. Det vil vere musikk, dans, karaoke, mat, kiosk, loddtrekning, photo booth, bordtennis, glitter og glam!


Planlegg året med fredagsdisco her: datoar-23_24 Påmelding lengre




Ynskjer du å vere med som friviljug? Du kan bidra med å rigge opp, skaffe premiar til loddtrekning, selje billettar og mat eller ynskje velkomen i døra. Du kan også bidra med gevinster til loddrekninga. Strikkar du, eller er god på anna type håndarbeid? Eller eig du ein bedrift, og ynskjer å sponse gevinstar? Då vil me gjerne høyre frå deg! Meld deg som friviljug, eller ta kontakt med frivilligsentralen på tlf: 966 244 12



Generell info

Tid og stad: kl. 18-20 på Sundvang kulturhus, Dalanvegen 6

Pris: 80 kr per person, gratis for ledsagar

Sal av mat og kioskvarer

Fasilitetar: stor parkeringsplass, med bilveg heilt bort til lokalet. Brede dørar med stor gang, handicap WC

Ved spørsmål, ta kontakt med Jeanett Torsdalen, tlf: 400 84 738


Spørreskjema er stengt

2024 © Kviteseid Frivilligsentral