Leik og moro med Lundenjordet

Vil du bli med å skape ein hyggeleg stund? :)

Me har med jamne mellomrom besøk av Lundenjordet, rettare sagt dei som er på dagsenteret på Krodokk. Dette er menneske med nedsett funksjonsevne. Dei kjem ein tur til Næringshagen, der me kastar ball, syng, har quiz og enkle leikar i lag. Og drikk kaffi. Dei set pris på litt variasjon i kvardagen, og det er flott at me kan bidra med det.

Har du lyst til å vere med på dette, så ta kontakt! Du kan velgje sjølv om du vil ha ansvar for nokon av aktivitetane, eller bare kome for å bidra med det sosiale. 

Datoar framover er:
- torsdag 2. feb
- torsdag 16. feb
- torsdag 2. mars
- torsdag 16. mars
- torsdag 30. mars

Kl 12:30-13:45

2024 © Kviteseid Frivilligsentral