Øpen hall

Kviteseid Frivilligsentral med fleire inviterar ungdom til Øpen Hall i Kviteseidhallen! Og er du vaksen/eldre ungdom med hjarte for ungdomar, er dette ein fin arena å bidra som friviljug!

Aldersgruppe: 13 til 17 år

Øpen hall - eit aktivitetstilbod til ungdomsskule- og VGS-elevar.

Fredagar kl 19-22 i partalsveker.
Datoar for hausten 2025:

  • 05. sep
  • 19. sep
  • 03. okt
  • 17. okt
  • 31. okt
  • 14. nov
  • 28. nov
  • 12. des

Hovudmål: Gje unge i Kviteseid eit større tilbod på fritida. Skape ein trygg og sosial møteplass der dei unge kan vere i aktivitet, drive med det dei likar, lære noko nytt eller skape musikk saman.

Øpen hall er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Kviteseid IL, Morgedal IL, E-sportgruppa, Skytterlaget, Kulturskulen og andre friviljuge. Kvitsund stiller også med elevteam som bidreg! Vil du vere med som ansvarleg vaksen? - Ta kontakt!

I sjølve hallen vil det vere både frileik og meir organisert aktivitet, ettersom kva ungdomane ynskjer, og kva som er av kompetanse hjå dei vaksne. E-sportrommet og skytebanen vil vere opent, og ein kan drive med musikk i kulturskulen sine lokale. I foajeen vil det vere Storstøge med brettspel, TV og mat. Og siste nytt er ein fantastisk kul pumptrack på utsida der ein kan sykle, skate og meir :) 

Stad: Kviteseidhallen, Knut Taraldsens veg 8, 3850 Kviteseid





2025 © Kviteseid Frivilligsentral