Ungdomskafé hjå Hvidesøe

Frivilligsentralen, Psykisk helse og kafé Hvidesøe startar opp ungdomskafé!

Aldersgruppe: 13 til 16 år

Kvar andre torsdag frå kl. 14-17 kan ungdomsskuleelevar kome til Hvidesøe for ein open og sosial kafé. Dagens matrett, bollar og kakao vil ein kunne handle for 25kr, og det vil sjølvsagt vere mogleg å handle seg andre kafévarar òg. Her kan du koma for å prate, ete, spele brettspel eller prøve deg på jaktsimulatoren til Jeger og Fisk i nabobygget, Bjørnstadbui.

Hausten 2023 vil det være Torsdagar i oddetalsveker.



2024 © Kviteseid Frivilligsentral