Flyktninghjelp

Har du lyst til å vere til hjelp og gjere noko for flyktningane frå Ukraina som kjem til Kviteseid, så kan du melde deg her.

Dette kan vere alt i frå å bidra eller ha ansvar for sosiale arrangement, innsamling, vere ein ven eller hjelpe flyktningane med praktiske og teknologiske ting. 

Kanskje treng dei skyss eller hjelp til å orientere seg i Norge/Kviteseid. Eller hjelp til å fylle ut digitale skjema og orientere seg på nettet. Kva med å gå turar eller gjere andre aktivitetar ute? Eller noko innanfor handarbeid, hagearbeid, musikk og kunst? 

Når dei som skal kome hit har kome, så får me kartleggje litt og ta det derifrå. Me håpar i alle fall at me kan få til noko bra saman for dei, både med enkeltpersonar som meldar seg og med andre lag og foreiningar i kommunen.

Send


2024 © Kviteseid Frivilligsentral