Lørdag 26 Mars 2022
Kl. 10:00 - 13:00, Næringshagen
Den store klesbytedagen
Velkomen til Den Store Klesbytedagen, eit miljøvenleg tiltak i regi av Naturvernsforbundet. Ein kan også kome med klede som trengs fiksast, for Husflidslaget stiller opp for å hjelpe til med og lære bort reparasjon av klede.

Ein kan levere opptil 7 klede, og dei skal vere reine og i god stand. Så får ein kupongar i byte mot kleda, som ein kan "handle" med på sjølve klesbytedagen. Her kan de levere kleda på førehand:

- Handelslaget café i Vrådal, 22. mars kl 16-20

- Coop Morgedal, 23. mars kl. 16-18

- Næringshagen, 24. mars kl 09-14 + 16-20, og 25. mars kl 09-14

Arrangementet vil vere på Næringsagen (Kviteseidgata 18) frå kl. 10:00 - 13:00 laurdag 26. mars. 

Frå kl. 12-13 er det opent også for dei som ikkje har levert klede i forkant, så ein kan sjå om ein finn nokon skattar blant det som er att.

Det vil også vere fokus på reparasjon av klede, og Kviteseid husflidslag kjem for å hjelpe til med og lære bort korleis ein kan fikse det som er øydelagt. Så dei riggar opp til ein eigen fikselaug på staden.

Me ynskjer velkomen til ein sosial og miljøvenleg samankomst!

Venleg helsing Cecilie, Elise, Ellen, Stine og husflidslaget :) 

facebookarrangement: https://fb.me/e/dBKzEV4pj

https://naturvernforbundet.no/klesbyttedagen/

Foto: Amanda Iversen Orlich

Flere kalenderoppføringer
2024 © Kviteseid Frivilligsentral