Søndag 1 Mai 2022
Kl. 13:00 - 16:00
Loppemarknad i Kviteseidbyen
Loppar, lokalproduksjon, handtverk og lokalmat.

Velkomen til loppemarknad i Kviteseidbyen, Sundag 1. mai kl 13-16!

Rydd opp i hus og hage og sett opp din eigen stand. Me startar i bryggjeparken og sprer oss ut der i frå. På grasområdet ved bryggja vil borna kunne leggje fram sine loppar på tepper, og i tillegg ynskjer me småskalaprodusentar i Vest-Telemark velkomen til å selje varane sine på ein lokal marknad, utan konkurranse frå byane. Om det er mat eller ting ein lagar, så er det bare å ta kontakt ift. plassering, straum mm. (sjå kven som kjem lengre ned!) Privatpersonar med sine lopper kan bare kome. Det er gratis å delta for alle!

Me håpar at loppemarknaden vil bli eit stort, sosialt arrangement for heile Vest-Telemark. Det vil vere mogleg å rigge opp i forkant frå kl 11:30, så alt er klart til kl. 13.


Tips til ein vellukka dag: 

- ta med bord, stativ og stol til deg sjølv og loppane. Rydd opp etter deg sjølv.
- ta med ting du trur andre folk kan vere interessert i, og ikkje pris ting for høgt. Det er ikkje moro å reise heim att med alle loppane sine.
- er det noko du synast er meir verdt, kan du la folk by på det.
- jo meir flid du legg i salsboden, dess betre går salet.
- har du møblar å selgje, kan du ha et bilete av det på standen, medan møbelet ventar i bilen eller heime.
- borna kan med fordel ha med seg kontantar til å handle seg imellom.

Blant andre desse kjem på marknaden:

- Gyöngyi Sorosan - Ungarske kaker og egg
- Espeland Gard - Bruktbutikk
- Rey Larsen - Musikk
- Åsbergtunet - Såper, bakst, diverse
- Siloen gardsbutikk - egg, kjeks og interiør
- Petter Wraa - skinnprodukt
- Brattestå honning
- Telespinn - garn og ullprodukt
- Borgen brukt
- Lima ballerina - handlaga produkt, tekstil, syerske
- Tollef og Aurora - trearbeid, smidde ildraker, strikk og saum

Facebookarrangement: https://www.facebook.com/events/2034614123379863?active_tab=about 

Lokale produsentar skal melde seg på til: cecilie@kviteseid.frivilligsentral.no / tlf. 45619902

Påmelding er stengt
Flere kalenderoppføringer
2024 © Kviteseid Frivilligsentral