-
Fransk kurs stor suksess!
Midlar til ungdomane!
Ein fin jolegåve til alle ungdomar i kommunen (og omegn)!Me er så heldige at me har fått innvilga alle pengane me søkte om fra Gjensidigestiftelsen! Heile 266 350kr har me fått for å utvikle og satse på "Opne møteplassar for ungdom".
Dette har me tenkt å bruke pengane på:
- Øpen hall - både møblar, lydanlegg mm. til foajeen i hallen, samt å ha kule aktivitetar ila året (paintball, boblefotball mm )
- Fortsette med ungdomskafé
- Stor konsert med invitasjon til alle ungdomar i Vest-Telemark, likeins andre samlingar
- Gratis skibuss til Vrådal Panorama frå Seljord - Brunkeberg - Kviteseid - Vrådal
- Workshops eller andre ferieaktivitetar (denne må me sjå litt an)
Dette blir så bra! Tusen hjarteleg takk til Gjensidigestiftelsen for pengane!!
Del på:
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?
-
Me treng fleire frivillige til Bygdekinoen!
Er du ein av dei me leitar etter?
-
Jolehelsing frå Frivilligsentralen
..og kva som skjer i vår regi fyrste veka i det nye året :)
-
Ledige KOMP å låne!
Eit veldig bra produkt for dei som ikkje er så digitale, men ynskjer å motta bilete frå familie å venner.