-
Øpen hall 06. mars avlyst til fordel for Neonparty
Ungdomane kan ta gratis buss frå Vrådal/Kviteseid osv. til Dalen ungdomsklubb!
Sjakk matt!
Det vart svelesteiking og ein liten turnering innomhusLaurdag 23. august arrangerte frivilligsentralen sjakkturnering i Kviteseidbyen for å innvie den "nye" sjakkbenken me fekk av Sjakk & Samfunn / Gjensidigestiftelsen.
Det var ikkje det store oppmøte, men dei som var i sentrum fekk seg sveler med røre sponsa av Aasmundsens bakeri, og me gjekk etterkvart inn i bryggekafeen og hadde ein liten, men spennande turnering.
I finalen møttes Martin og Serhii, der Martin til slutt kunne seie "Sjakk matt" og motta gåvekortet frå Næringslaget som premie.
Elles har sjakkbordet vore nytta fleire gonger i løpet av sommaren har fleire av oss observert. Og bryggekafeen meinte det jamt over kom nokon for å låne brikker 2-3 gonger i veka. Så det er triveleg å høyre!
Tusen takk til Aasmundsens bakeri og Kviteseid Næringslag for røre og gåvekort, og ikkje minst ein stor takk til Martin, Arne, Nils og litt Rolv Olav som var med og arrangerte det heile =)


Del på:
-
STILLINGSANNONSE!
Vikarstilling som 40% dagleg leiar frå 01.06.26
-
Innkalling til årsmøte 2026
Torsdag 12. mars på biblioteket
-
Fransk kurs stor suksess!
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?