-
Fransk kurs stor suksess!
40% Prosjektstilling ved Kviteseid Frivilligsentral!
Er det DEG me ser etter??Prosjektstilling i Kviteseid Frivilligsentral
Kviteseid Frivilligsentral søkjer etter ein ekstra tilsett til ein 40% prosjektstilling frå 01.01.25-31.07.25, med moglegheit for forlenging.
Frivilligsentralen bidrar til aktivitet, samlingar og diverse tilbod for innbyggjarane i Kviteseid kommune. Me har særleg fokus på unge, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Kontorplass vil vere i Kviteseid sentrum, men me har arrangement fleire stader i kommunen. Så har du lyst på ein variert og givande jobb, bør du søkje!
Jobben inneber å:
- samarbeide med dagleg leiar om drifta av frivilligsentralen
- ha ansvar for nokon aktivitetar og prosjektområde
- samarbeide med frivillige, lag og foreiningar, kommunen og næringsliv
Ynskjande kvalifikasjonar:
- har eit ynskje om å bidra positivt i lokalmiljøet
- god økonomisk kompetanse
- god sosiale kompetanse
Søkjar bør ha førarkort klasse B og eigen bil. Politiattest må leggjast fram.
Arbeidsoppgåver og arbeidstid vil den tilsette og dagleg leiar bli einige om saman. Ein må rekne med noko arbeidstid på kveldstid. Løn etter avtale.
Søknad sendast innan 10. november til:
post@kviteseid.frivilligsentral.no
Ved spørsmål, ta kontakt med Cecilie Austjore-Hosum på tlf.: 96624412
Sjå gjerne heimesida vår for eit innblikk i kva me gjer: post@kviteseid.frivilligsentral.no
Del på:
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?
-
Me treng fleire frivillige til Bygdekinoen!
Er du ein av dei me leitar etter?
-
Jolehelsing frå Frivilligsentralen
..og kva som skjer i vår regi fyrste veka i det nye året :)
-
Ledige KOMP å låne!
Eit veldig bra produkt for dei som ikkje er så digitale, men ynskjer å motta bilete frå familie å venner.