-
Fransk kurs stor suksess!
Ein glad givar =)
Gjensidigestiftelsen har igjen gitt midlar til Frivilligsentralen! Les her kva pengane er tenkt til.Tidlegare i haust søkte me Gjensidigestiftelsen om midlar til "Opne møteplassar". Og i november fekk me dei gledelege nyheitene om at me får 392 619,- til dette! Midlane er tenkt å brukas over to år. Dette er kva me søkte om pengar til:
- Gratis skibuss for barn og unge (no er dette sikra to år fram!)
- Til aktivitetar på Øpen hall
- Inventar til nytt bibliotek som kan fungere som ein møteplass for ungdomar etter skuletid (t.d. sofagruppe)
- Bygdekinoen
- Leige av lokale (slik som Sundvang som me nyttar til Fredagsdisco og Barnedisco, eller Granlien for ein ny samling for folk som kan kjenne seg einsam)
- Innkjøp av hobbyartiklar til juleverkstad
- Bidrag til å invitere til middag for eldre
- Utgiftar til klatrekurs
- Markedsføring
- Løn
TUSEN TAKK til Gjensidigestiftelsen som nok en gang gjev oss moglegheita til å bidra med mykje bra i kommunen vår! Me set pris på at de fylgjer med og har tru på oss :)
Og er det noko av dette du som lesar no blir inspirert til å vere ein del av som frivillig, så ta kontakt! <3
Del på:
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?
-
Me treng fleire frivillige til Bygdekinoen!
Er du ein av dei me leitar etter?
-
Jolehelsing frå Frivilligsentralen
..og kva som skjer i vår regi fyrste veka i det nye året :)
-
Ledige KOMP å låne!
Eit veldig bra produkt for dei som ikkje er så digitale, men ynskjer å motta bilete frå familie å venner.