-
Fransk kurs stor suksess!
Vår nye tilsette
Og nokre bilete frå Frivilligsentralane si jolesamlingSei hei til vår nye tilsette: Randi Jopperud! Randi startar i jobben som assisterande dagleg leiar frå 01.01.25. Litt kort om Randi: ho er 34 år og frå Fyresdal, og har ei jente på 10 år. Ho er utdanna lektor, og har jobba som lærar i fleire år. Me har funne ut at ho likar både tal og bøkar, og både tidlegare kollegaer og elever likar ho godt! Me gleder oss til å bli betre kjend med ho, og håpar lokalfolket tar godt imot ho. Ho er no lett å kjenne att med sitt flotte hår! Randi kjem til å jobbe på tysdagar og torsdagar, samt innimellom på andre arrangement/tilbod me har.
Elles legg me ved nokre bilete frå jolesamlinga frivilligsentralane i regionen hadde i Treungen. Det er så bra og triveleg med det fellesskapet me har med dei andre frivilligsentralleiarane!



Del på:
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?
-
Me treng fleire frivillige til Bygdekinoen!
Er du ein av dei me leitar etter?
-
Jolehelsing frå Frivilligsentralen
..og kva som skjer i vår regi fyrste veka i det nye året :)
-
Ledige KOMP å låne!
Eit veldig bra produkt for dei som ikkje er så digitale, men ynskjer å motta bilete frå familie å venner.