-
Vår nye tilsette
Og nokre bilete frå Frivilligsentralane si jolesamling
Masse midlar til nye møteplassar
Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør har gitt 605 381 kr "Opne møteplassar", her under nytt bibliotek.Me er så heldige og utruleg glad for at Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør har innvilga søknaden vår om midlar til "Opne møteplassar". 605 381 kr har me fått! Tusen hjarteleg takk! Størsteparten av pengane skal gå til å handle inn diverse som vil bidra til at det nye biblioteket i Kviteseid sentrum vert ein ny og bra møteplass for alle! Dette er ting som sitjegrupper, belysning, kaffikrok, shuffleboard, og diverse apparat til å lage ein skaparverkstad.
Frivilligsentralen skal "bli med på lasset" når biblioteket flyttar ned til sentrum. Me skal ha kontorplass der, og vil då vere meir tilgjengeleg for folk. Me ser for oss at det nye biblioteket vil vere vel så mykje ein møteplass, som eit bibliotek. Me ynskjer å invitere liten og stor inn på ulike tilbod. Me håpar at ungdomane her vil finne seg ein triveleg plass innhomhus på ettermiddagene. Me håpar at småbarna og foreldrene kjem innom for litt leik og ein kaffikopp. Og at pensjonistane set seg ned for ein prat og sjekk av dagens avis. Og at lag og føreiningar får flotte og lett tilgjengelege møterom! I tillegg skal me handle inn diverse utstyr til å starte opp ein skaparverkstad. Me har tenkt utstyr som 3D-printer, vinylkutter, symaskin, broderingsmaskin mm. Har de innspel og ynskje må de gjerne ta kontakt med oss! Me håpar at dette vil bli eit mykje brukt tilbod og ein ny møtestad for alle!
Me er forventningsfulle, og gledar oss til kva våren og framtida har i vente for Kviteseid :)
Del på:
-
Ein glad givar =)
Gjensidigestiftelsen har igjen gitt midlar til Frivilligsentralen! Les her kva pengane er tenkt til.
-
Me vil takke fylgjande for midlar
Både Sparebanken Sør og Stiftelsen Dagsrudheimen har igjen gitt penger til ulike prosjekt.
-
40% Prosjektstilling ved Kviteseid Frivilligsentral!
Er det DEG me ser etter??
-
BYGDEKINO SPESIAL
I høve førpremieren av filmen "Nr. 24" vert det eit historisk foredrag av Rjukans historieleiar!