-
Fransk kurs stor suksess!
Loppemarknad i Kviteseidbyen
Måndag 9. juni blir det!Velkomen til ny Loppemarknad i Kviteseidbyen!
Dette er ein marknad der alle som vil tar med eige bord, stativ og det ein vil selje vidare, og rigger seg til sjølv. På grasplenen vert det eige område for barna der dei kan selje sine ting. Lokale småskalaprodusentar fra Vest-Telemark er også velkomne til å selje sine varer, enten om det er ting eller mat. Det er også veldig velkoment om fleire ynskjer å stå for sal av mat, også privatpersonar. Ein må sjølv syte for at det gjerast i tråd med mattilsynet sine reglar.
Så no er det bare å begynne å samle alt ein vil få ut av huset, og rigge seg til den 9. juni! Velkomen til ein triveleg markensdag i Kviteseid!
Viktig info:
Rigging frå kl. 11:30
Det er gratis å stå for alle.
Gje beskjed om du treng straum i forkant: tlf. 966 244 12
Rydd opp eigen stand og søppel etterpå.
Arrangementet vert avlyst viss det regner.
Del på:
-
Teater tilbud i Kviteseid!
Har du lyst til å prøve noe magisk?
-
Me treng fleire frivillige til Bygdekinoen!
Er du ein av dei me leitar etter?
-
Jolehelsing frå Frivilligsentralen
..og kva som skjer i vår regi fyrste veka i det nye året :)
-
Ledige KOMP å låne!
Eit veldig bra produkt for dei som ikkje er så digitale, men ynskjer å motta bilete frå familie å venner.