-
Flyt & Flow i Kviteseid
Bli med på ungdomsopplegget under Victoriafestivalen fredag 13. juni!
ALLEMED-2025 - Hold av datoen!
Alle som jobbar med barn og ungdom, frivillig eller lønna, er forelder eller ungdom sjølv, MÅ og BØR bli med på dette 16. oktober!!Er vi sikre på at alle barn og unge i Kviteseid, som ønskjer det, får moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar?
Har vi det tilbodet barn og unge ønskjer seg?
Korleis kan vi saman jobbe for dette?
Kviteseid kommune og Frivilligsentralen inviterer til ein tverrfagleg dugnad 16. oktober 2025 der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, medvit og finne løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar. ALLEMED er eit gratis verktøy utvikla for å auke medvit om fattigdom og utanforskap blant barn og unge, og for å sikre inkluderande arbeid for å få alle med.
Som kommune er det vi som møter barna og familiar, og som kan oppdage barrierer for deltaking og bygge bruer inn i fritidsaktivitetar. Ved å jobbe saman på tvers av fag og sektorar, kan vi fellesskap sikre at alle barn får oppfyld si rett til leik og fritid.
Meld deg på allereie no, så får du også påminning om det til hausten! --> Påmelding
Sjå gjerne desse filmane for inspirasjon :) Dei to fyrste tek problemet "litt på kornet" på ein artig måte. Den siste filmen syner korleis dei jobba med AlleMed på Bømlo, og gjer eit godt bilete på kva som vil skje 16. oktober.
Del på:
-
Galantkonsert
Kviteseid Frivilligsentral inviterar eldre og andre interesserte til "Galantkonsert" i Morgedal.
-
Loppemarknad i Kviteseidbyen
Måndag 9. juni blir det!
-
Sosial Weekend på Villa Glede Granlien
Ei helg for nye relasjonar
-
Masse midlar til nye møteplassar
Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør har gitt 605 381 kr "Opne møteplassar", her under nytt bibliotek.