Jolehelsing frå Frivilligsentralen

..og kva som skjer i vår regi fyrste veka i det nye året :)

Me i Frivilligsentralen vil ynskje alle og einkvar ei riktig god jol og eit godt nytt år. Tusen takk for alle gode minner og all frivillig innsats i året som har vore :)

Me skal ha noko ferie sjølv, men ynskjer allereie måndag 29. desember å invitere til kaffi & prat på Biblioteket kl. 13-15. Eit hyggeleg og opent treffpunkt for alle :) 

Og laurdag 3. januar inviterer me barnefamiliar til "Spill og moro" på biblioteket kl. 14. Biblioteket har ein del spel, men de kan også ta med noko heimefrå de vil spele med venner og kjente =) 

God ferie!

2026 © Kviteseid Frivilligsentral