STILLINGSANNONSE!

Vikarstilling som 40% dagleg leiar frå 01.06.26

No kan du få låne verdas beste jobb!

Dagleg leiar i Kviteseid Frivilligsentral skal ut i permisjon, og me ser no etter ein vikar i 40% stilling frå 01.06.26 – 31.07.27, med moglegheit for forlenging. Frivilligsentralen bidrar til aktivitet, samlingar og diverse tilbod for innbyggjarane i Kviteseid kommune. Me har særleg fokus på unge, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Frivilligsentralen har kontor på Kviteseid Folkebibliotek nede i Kviteseid sentrum, men har arrangement fleire stader i kommunen. Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb, bør du søkje!


Jobben inneber:

  • det administrative ansvaret for Kviteseid Frivilligsentral, med personal- og økonomiansvar
  • å søkje om eksterne midlar til prosjekt, og oppfølging av eksisterande og nye prosjekt
  • å samarbeide med frivillige, lag og foreiningar, kommunen og næringslivet
  • sjå til at aktivitetar og prosjektområde går som det skal i samarbeid med andre tilsette


Ynskjande kvalifikasjonar

  • har eit stort engasjement og ynskje om å bidra positivt i lokalmiljøet
  • er strukturert og trivs med å jobbe med mange sakar om gongen
  • evnar å leie både tilsette og frivillige
  • løysingsorientert og samarbeidsvillig
  • økonomisk og digital kompetanse


Søkjar må ha førarkort klasse B og eigen bil, og kunne leggje fram politiattest jf. Politiregisterføreskrifta § 34-1, jf. politiregisterlova § 39 første ledd.
 Me tilbyr fleksibel arbeidstid, men ein må rekne med noko arbeidstid på kveldstid. Løn etter avtale. Søknad og CV sendast innan 22. mars til: 

post@kviteseid.frivilligsentral.no

Ved spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Cecilie på tlf.: 96624412

2026 © Kviteseid Frivilligsentral