Felleslunsj for store og små

For dei som krabbar, og dei som er ute for å gå :)

LHL turgruppa i Kviteseid kjem på lunsjbesøk til Frivilligsentralen på Næringshagen i blant. Men me vil gjerne ha fleire gjestar, og tenkjer spesielt på mødre og fedre som er heime med småbarn. Det å treffast på tvers av generasjonar er ein skatt i seg sjølv. Så velkomen skal de vere til dekka bord!

Send gjerne ei melding til Frivilligsentralen om du tenkjer å kome, og vipps 20kr for suppa viss du vil og kan. (LHL ordner med dette for seg).

Vil du også vere med å lage suppa, handle inn, vere vert og rydde opp, så sei ifrå :)

Datoar framover:
- tysdag 7. feb (suppe)
- tysdag 21. Mars (krydderkake og varm sjokolademjølk)

Kl. 12:15-13:15

2024 © Kviteseid Frivilligsentral