Midlar til ungdomane!

Ein fin jolegåve til alle ungdomar i kommunen (og omegn)!

Me er så heldige at me har fått innvilga alle pengane me søkte om fra Gjensidigestiftelsen! Heile 266 350kr har me fått for å utvikle og satse på "Opne møteplassar for ungdom".  

Dette har me tenkt å bruke pengane på:

  • Øpen hall - både møblar, lydanlegg mm. til foajeen i hallen, samt å ha kule aktivitetar ila året (paintball, boblefotball mm )
  • Fortsette med ungdomskafé
  • Stor konsert med invitasjon til alle ungdomar i Vest-Telemark, likeins andre samlingar
  • Gratis skibuss til Vrådal Panorama frå Seljord - Brunkeberg - Kviteseid - Vrådal
  • Workshops eller andre ferieaktivitetar (denne må me sjå litt an)

Dette blir så bra! Tusen hjarteleg takk til Gjensidigestiftelsen for pengane!! 

2024 © Kviteseid Frivilligsentral