Skøytedisco 2023

I år som i fjor vert det skøytedisco under Kviteseidmarken på fredag kveld

Det er mykje spennande som skjer under Kviteseidmarken, men skøytediscoen på fredag kveld er det Frivilligsentralen som står for.

Tid og dato: 10. Februar kl 17:30-19 i bryggjeparken/Kviteseid sentrum.

Det vert anledning til å kjøpe varm drikke og mat. Vi tar også med skøytene frå utlånssentralen, så dei som ikkje har eige kan få låne.

Vi håpar familiar i frå heile Vest-Telemark tek turen til Kviteseid, og vi lovar god stemning for alle aldrar :⁠-⁠)

Kvelden vert avslutta med fyrverkeri!

2024 © Kviteseid Frivilligsentral