-
Seinsommarpiknik
Velkomen til ein leiken og hyggeleg stund på Kviteseid bygdetun :)
Sjakk matt!
Det vart svelesteiking og ein liten turnering innomhusLaurdag 23. august arrangerte frivilligsentralen sjakkturnering i Kviteseidbyen for å innvie den "nye" sjakkbenken me fekk av Sjakk & Samfunn / Gjensidigestiftelsen.
Det var ikkje det store oppmøte, men dei som var i sentrum fekk seg sveler med røre sponsa av Aasmundsens bakeri, og me gjekk etterkvart inn i bryggekafeen og hadde ein liten, men spennande turnering.
I finalen møttes Martin og Serhii, der Martin til slutt kunne seie "Sjakk matt" og motta gåvekortet frå Næringslaget som premie.
Elles har sjakkbordet vore nytta fleire gonger i løpet av sommaren har fleire av oss observert. Og bryggekafeen meinte det jamt over kom nokon for å låne brikker 2-3 gonger i veka. Så det er triveleg å høyre!
Tusen takk til Aasmundsens bakeri og Kviteseid Næringslag for røre og gåvekort, og ikkje minst ein stor takk til Martin, Arne, Nils og litt Rolv Olav som var med og arrangerte det heile =)
Del på:
-
ALLEMED-2025 - Hold av datoen!
Alle som jobbar med barn og ungdom, frivillig eller lønna, er forelder eller ungdom sjølv, MÅ og BØR bli med på dette 16. oktober!!
-
Flyt & Flow i Kviteseid
Bli med på ungdomsopplegget under Victoriafestivalen fredag 13. juni!
-
Galantkonsert
Kviteseid Frivilligsentral inviterar eldre og andre interesserte til "Galantkonsert" i Morgedal.
-
Loppemarknad i Kviteseidbyen
Måndag 9. juni blir det!