Om Frivilligsentralen

Kviteseid Frivilligsentral starta offisielt 1. september 2021, og er ein del av Noregs frivilligsentralar. Ein frivilligsentral skal vere tufta på rammene i det frivillige arbeidet og lokale ynskje, og vert drive av ansatte i samspel med frivillige, lag & foreiningar, næring og kommune. Vidare kan de lese om styret, medlem og vedtektene til Kviteseid Frivilligsentral.

Styret i Kviteseid Frivilligsentral består av

  • Stian Hauge, styreleiar
  • Kristin Stray Jacobsen
  • Jeanett Heistad
  • Kamilla Minde
  • Geir Saxhaug

Styremedlemma vert valt for eit eller to år om gongen. Dette skjer på årsmøtet på våren.



Registrerte medlem av Kviteseid Frivilligsentral:
  • NKS Vrådal
  • Kviteseid IL
  • Kviteseid Turlag
  • NKS Kviteseid
  • LHL Vest-Telemark
  • Kviteseid Pinsemenighet
  • Kulturhuset Sundvang
  • Kviteseid kommune v/ Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Kviteseid kommune v/ Idrettsrådet
  • Kviteseid Pensjonistlag
  • Kviteseid Næringslag
  • Morgedal idrottslag
  • Misjonshuset Kviteseid Normisjon

Lag og foreiningar som er registrerte medlem betalar 500 kr i årskontingent. Dei kan delta på årsmøtet til frivilligsentralen, og vil naturleg ha eit tettare samarbeid med frivilligsentralen. Alle lag og foreiningar i Kviteseid kommune er velkomne til å bli registrerte medlem hjå oss. Ta kontakt for dette!



Vedtekter for Kviteseid Frivilligsentral

§ 1. Føremål

Aktiviteten i Kviteseid frivilligsentral skal byggje på frivilliginnsats, der ein skal arbeida for å førebyggja utanforskap. Føremålet med ein frivilligsentral er å skapa dei gode, varme møteplassane mellom menneske, der folk møtest på tvers av generasjonar og skapar gode relasjonar.

Kviteseid frivilligsentral skal:

  • leggje til rette for samarbeid mellom det frivillige og det offentlige

  • utvikle og samordne frivillig aktivitet i lokalmiljøet

  • vere eit bindeledd mellom dei som yter frivillig hjelp og dei som treng frivillig hjelp

  • vere ein pådrivar for god folkehelse

  • stimulere til sosialisering og aktiv deltaking i lokalsamfunnet

  • vere ein tilgjengeleg og sentral møteplass

  • sentralen skal ha eit særleg fokus på unge, eldre og menneske med nedsett

    funksjonsevne

§ 2. Organisering

Kviteseid frivilligsentral skal vere organisert og drivast i samsvar med gjeldande retningsliner for frivilligsentralar, utarbeida av Kulturdepartementet og interesseorganisasjonen Norges Frivilligsentraler.

Kviteseid frivilligsentral har FLI som organisasjonsform.

§ 3. Årsmøte

Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars månad og med 3 vekers innkallingsfrist På årsmøtet skal fylgjande saker handsamast


  • Årsmelding

  • Handlingsplan

  • Driftsrekneskap

  • Budsjett for kommande år

  • Val av styre

  • Val av valnemnd

  • Andre saker som står på innkallinga

Alle lag og foreiningar som er registrert og har betalt medlemskontingent er røystefør og har ei røyste kvar ved årsmøtet.

Valnemda kjem med innstilling til nytt styre, 1 månad før årsmøtet.

§ 4: Styret

Kviteseid frivilligsentral skal ha eit styre på 5 medlemer og 3 varamedlemer Styremedlemene skal veljast for 2 år. (Første gong vert 3 valde for 2 år og 2 for 1 år.) Styreleiar vert vald ved særskilt val for 1 år, av årsmøte.
Varamedlemer vert vald for 1 år.

§ 5. Styret sine oppgåver

Styret skal:

  • sørgjer for at § 1 blir fylgt opp i samarbeid med dagleg leiar.

  • sjå til at rapportering skjer i samsvar med gjeldande reglar og innan pålagte fristar

  • sjå til at drifta skjer innanfor vedtektene og andre retningsliner.

  • sjå til at det blir søkt om økonomiske tilskot og bidrag

Styret skal tilrå ovanfor årsmøtet i desse sakene:

  • driftsrekneskap

  • årsmeldinga til frivilligsentralen

§ 6. Dagleg leiar

Kviteseid frivilligsentral er arbeidsgjevar for dagleg leiar og andre arbeidstakarar i Kviteseid frivilligsentral. Administrative og økonomiske oppgåver blir handtert av dagleg leiar på vegne av styret.

Dagleg leiar skal:

  • Ha det daglege ansvaret for å drive Frivilligsentralen i samsvar med føremålsparagrafen.

  • Vere sekretær for styret

  • Fylgje opp styrevedtak

§ 7. Økonomi

  • Kviteseid frivilligsentral lønar dagleg leiar og stiller til disposisjon naudsynte lokalar og utstyr. Andre tilskot frå kommunen må takast opp gjennom styret.

  • Tilskot frå andre kjelder kan disponerast av frivilligsentralen i tråd med føresetnader frå gjevar og i samsvar med vedtektene.

  • Sentralen eller dei frivillige som er knytt til sentralen kan ikkje ta imot betaling utover godtgjering for direkte utgifter.

  • Styremedlemmane får ikkje godtgjersle for styrearbeid

§ 8. Registrering i frivilligsentralen

Alle lag og foreiningar i kommunen kan registrerast som medlem i Kviteseid frivilligsentral. Årsmøte fastsett medlemskontingent for lag og foreiningar.

§ 9. Vedtekstsendring

Vedtektene kan berre endrast på årsmøte etter å ha vore sett på innkallinga til møtet og det må vedtakast med 2/3 fleirtal.

§ 10. Oppløysing / Sletting av foreininga

Oppløysing/sletting av foreininga skal handsamast på ordinært årsmøtet. Eit slik vedtak skal fattast med 2/3 fleirtal.

2024 © Kviteseid Frivilligsentral