Utlånssentralen

Kviteseid har endeleg fått utlånssentral, med lokale hjå Kvito!

Her er lenke til ny side for utlån: https://www.bua.no/utlansordninger/kviteseid-utlanssentral

Me har 11 flotte syklar, både til vaksne og born. Det er el-syklar, terrengsyklar og bysyklar. Me har også sykkelvogn, sykkelstativ til bil, bagasjevesker, hjelmar og meir. Fyrste gong ein lånar utstyr må ein vise legitimasjon, og born under 18 år må kome med ein forelder fyrste gongen. Utlånssentralen er for alle innbyggjarar i Kviteseid kommune, og me håpar de vil bruke dette flotte tilbodet og kome dykk ut på tur! :) Sjå turtips nedst på sida.

Opningstidar :
Kvardagar kl 09-15

Her kan de lese om produkta Produkt_hjå_utlånssentralen

Adresse til Kvito er Dalanvegen 4.

TURTIPS:
Sjekk t.d. ut denne sida for terrengsykkelstiar https://vtstisykling.no, last ned appen "Stolpejakten" og oppdag kommunen på ein spanande måte (les meir her: https://kviteseid.frivilligsentral.no/aktivitet?stolpejakten&Id=10132), eller skaff deg kart hjå bokhandlaren og høyr med lokalfolk om turtips. 

På bileta ser de nokon av syklane i aksjon :) 



2022 © Kviteseid Frivilligsentral