Loppemarknaden vart suksess!

Hundrevis av folk samla seg i Kviteseidbyen for å selje, kjøpe og bytte nytt og gamalt.

Me kan trygt seie at loppemarknaden i Kviteseidbyen vart suksess. Her var det bodar på rekkje og rad, produsentar og vanlege folk med sine ting om kvarandre. På plenområdet solgte borna ting seg i mellom, og totalt må det ha vore fleire hundre folk. Det kom også folk frå fleire kommunar for å få med seg dagen. Ein stor takk til dei frivillige som var med å arrangere, Kviteseid kommune og Næringslaget for hjelp og støtte! Saman skapar me gode minner og sosialt liv i kommunen vår!

2024 © Kviteseid Frivilligsentral