Midlar til ny leikeplass!

Blant givarane finn me Sparebankstiftelsen DNB, Næringslaget, Sanitetsforeningen, Sparebanken Sør og Kommunen.
Den mykje bruka leikeplassen skal endeleg få ein etterlengta fornying og opprusting! I fjor/forifjor tok Halvor Nyland (engasjert bestefar og Kviteseiding!) ein runde og fekk følgjande midler frå dei lokale: 50 000 frå Kviteseid Næringslag, 50 000 frå Kviteseid Sanitetsforening, 20 000 frå Sparebanken Sør og 50 000 frå kommunen. Og faktisk før eg offisielt starta i jobben 1. September i år, rakk eg å skrive ein søknad til Sparebankstiftelsen DNB. Og det har gitt resultat, for me får 120 000 kr frå dei til leikeplassen! Men, nokon andre som også må trekkjast fram; det er dei ivrige foreldra som frivillig kjem på rakedugnad på eiget initiativ, og alle dei som allereie har meldt seg at dei blir med på dugnad til våren når me skal i gong med arbeidet! Det er så bra, og det er akkurat det som skal til for at me får slike midlar! Frivillig innsats er så viktig på alle plan, og heng høgt hjå dei som sit med pengane.
Så tusen takk til alle så langt, og så gledar me oss til å kome i gong! Håpar alle då vil vere med på jobben med å få ny leikeplass i Kviteseidbyen! 
2024 © Kviteseid Frivilligsentral