Moro i sandkassa, vaksenversjon

No er gamal leikeplass fjerna, og nytt skal på plass!

Fredag 3. juni kom endeleg gravemaskinen m. førar og fekk fjerna dei gamle apparata på leikeplassen i Kviteseid sentrum. Han grov også plass til støping av nye fundament. Så fort me får henta apparata neste veke, er det moglegheit for dei som ynskjer å hjelpe til med å få nye apparat på plass.

Dette skal gjerast:

- montere apparat (ein jobb for 4-5 personar)

- lage nye forskalinger (ein jobb for 4 personar)

- pusse og male gjerdet (4-8 personar)

Send ei melding til 45619902 og gje beskjed om kva du kan bidra med. Og er det nokon som har egna forskalingmateriale, sei i frå!

Jens Ludvig Nordskog og Halvor Nyland i aksjon!

2024 © Kviteseid Frivilligsentral