-
Regine Heimdal inn som vikarierande dagleg leiar
No blir det sjakk på dagsordenen i Kviteseid!
Det løner seg å hoppe på dei tilboda som byr seg. Til våren får nemleg Kviteseid tre flotte sjakkbenkar til kommunen!Dei tre sjakkbenkane skal plasserast i Kviteseidbyen, på Kviteseid skule og utanfor Skisportmuseet i Morgedal. For benken i sentrum vil Frivilligsentralen ha ansvar for å setje ut sjakkbrikker til faste tidspunkt, slik at dei som ynskjer å ta seg ein runde sjakk kan gjere det. Skisportmuseet vil ha ansvar for å setje ut i Morgedal, og skulen hjå seg. Me håpar at sjakkbenkane kan bli ein ny møteplass for unge og gamle.
Det er Sjakk & Samfunn som står for dei heile, og dei har søkt og fått midlar frå Gjensidigestiftelsen.
Foto: Pixabay
Del på:
-
Skøytedisco 2023
I år som i fjor vert det skøytedisco under Kviteseidmarken på fredag kveld
-
Ny familie kjem til Kviteseid (januar), og dei treng møblar!
Har du noko til overs av ting frå denne lista?
-
Midlar til ungdomane!
Ein fin jolegåve til alle ungdomar i kommunen (og omegn)!
-
Vil du låne noko vinterutstyr i jola?
Ta kontakt!