Utlånssentralen blir ein del av BUA-nettverket!

Då får me ei flott nettside med moglegheit til å reservere utstyr digitalt.

Kviteseid utlånssentral blir frå 1. september offisielt ein del av BUA-nettverket. Då kan alle som ynskjer å låne og reservere utstyr gjere dette på nett, litt slik ein gjer med biblioteksbøkar. Alle som skal låne må opprette ny profil på bua.no, og dette kan ein gjere alt no. Ein kan sjølvsagt også møte opp direkte på Kvito for å låne seg utstyr viss ein ikkje har reservert på førehand. 

Her kan du lese om nokon gode fordelar med at me har blitt med i BUA:

  • Det blir brukarvenleg for både dei som skal låne og administrere utlånet
  • Når ein fyrst har registrert ein profil på bua.no, kan ein låne utstyr hos dei fleste andre BUA-sentralane i landet
  • Når me skal handle inn nytt utstyr til utlånssentralen, får me gode rabattar via BUA. Dette gir oss moglegheiten til å kjøpe endå meir !

Til info: Me vil fortsatt nytte namnet "Kviteseid utlånssentral". BUA står for barn og unge i aktivitet, men blei litt for likt "bui" som me stadig handlar på her til lands :) 

2024 © Kviteseid Frivilligsentral